Music for a while i Dyrkornfabrikken i Stordal

Date

Thursday, August 14, 2014

Norges ukrona cabaretdronning Tora Augestad er busett i Berlin. I fri flyt mellom cabaret, opera, jazz og pop er ho etterspurd ved festivalar og musikkteaterscener over heile Europa. Ho har samar- beida tett med verdsleiande samtidsensemble som Klangforum Wien og Ensemble Modern, og har hatt leiande roller ved opera- husa i mellom anna Warsawa, Basel, Berlin (Staatsoper) og Zürich - ved sistnemnde, saman med storleikar som Anne Sofie von Otter og stjerneregissøren Christoph Marthaler. Til Kulturbeitet kjem Tora saman med multimusikar og entertainer Stian Carstensen, trompetfenomenet Mathias Eick (kåra til verdas beste unge jazztal- ent 2006 av JFO New York) samt fleire andre av Norges fremste jazzmusikarar. Ensemblet som har hausta euforiske omtalar
for sine plater og konsertar, bevegar seg friksjonsfritt over sjangergrenser og set vår europeiske musikkarv i eit nytt lys. Dette er musikkformidling fri for konvensjonar og vedtatte sanningar med improviserande musikarar i verdsklasse. Vi snakkar om “Music for a while” og sesongavslutning i Dyrkornfabrikken 14. august.