HARDANGER MUSIKKFEST HAUSTFESTIVAL 30. OKTOBER - 1. NOVEMBER

Date

Friday, October 30, 2020
Saturday, October 31, 2020
Sunday, November 1, 2020
I 2020 feirar Hardanger Musikkfest sin 25. festival. Men i år vart det ingen festival i pinsa. Pandemien stogga Noreg og å fylla fjorden med musikk midt i bløminga vart umogeleg. Me kasta oss rundt og ideane i lufta, og det vart tydeleg at ynskjet om å skape musikalske møter var så sterkt at me ville få til noko. Slik vart ideen om ein Haustfestival skipa. Me gjekk ned i format og såg på korleis me kunne skapa trygge konsertar i gode omgjevnader.
Haustfestivalen 30. oktober - 1. november vil ha eit sterkt vokalfokus med nokre av skandinavias flottaste røyster.
Det vert mange konsertar i det intime formatet og me vil halde fram med å utforske nye konsertarenaer i Hardanger. Ingen Hardanger Musikkfest utan sterke klassiske namn og eit sterkt folkemusikkfokus. Det blir festivalpoet eller forfattar og festivalkunstar.
Konsertar som berører og tek sikte på å halda deg vaken eller vekka deg om du har somna.
Velkomen til festival 30. oktober - 1. november!

PROGRAM
FREDAG 30. oktober
9:00 Morgontonar, Gløyp, Kinsarvik
13.25 Svevn på Odda videregåande skule, Odda
18:00 - Fjordvake, Ullensvang Kyrkje, Lofthus
20.00: Hardingspel, Krossvoll, Lofthus

LAURDAG 31.10:
12: Ljos - Ullensvang kyrkje, Lofthus
15: Songboka - Krossvoll, Lofthus
18: Vinterreisa, Ullensvang kyrkje, Lofthus
21: Den engelske ølstova, Krossvoll, Lofthus

SUNDAG 1.11:
12: Trøyst - Kinsarvik Kyrkje, Kinsarvik
15: Barokkraft, Kraftkatedralen, Tyssedal
18: Gjengangarar - Ullensvang kyrkje, Lofthus
20: Oppskåka, Krossvoll, Lofthus

Medverkande:
Erlend Nødtvedt, dikt
Berit Norbakken, sopran
Tine Thing Helseth, trompet
Magnus Staveland, tenor
Sveinung Bjelland, klaver
Nils Henrik Asheim, orgel
Helge Lien, klaver
Ruth Wilhelmine Meyer, vokal
Alexander Røynstrand, fele
AK Glück-Teigland, forteljar
Tora Augestad, song

BAROKKSOLISTENE MED Bjarte Eike:
Bjarte Eike (NO): fiolin, vokal & kunstnarisk leiing
Fredrik Bock (SE): gitar, charango, vokal
Per Buhre (SE): bratj, vokal
Tom Guthrie (UK): vokal, fiolin
Johannes Lundberg (SE): kontrabass, vokal
Snorre Bjerck (NO): perkusjon, vokal
Steven Player (UK): dans, gitar, vokal
Hans Knut Sveen (NO): harmonium, cembalo, vokal
Milos Valent (SK): fiolin, bratsj, vokal
Siri Hilmen (NO): cello